Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 20:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når du dreg ut i krig mot fiendane dine og får auga på hestar og vogner, ein hær som er større enn din, så ver ikkje redd dei! For Herren din Gud er med deg, han som førte deg opp frå Egypt.

2. Før de går til strid, skal presten stiga fram, tala til hæren

3. og seia: «Høyr, Israel! I dag går de til strid mot fiendane dykkar. Miss ikkje motet, og ver ikkje redde! Røm ikkje, og lat dykk ikkje skræma av dei!

4. For Herren dykkar Gud går med dykk. Han vil strida for dykk mot fiendane og gje dykk siger.»

5. Så skal tilsynsmennene tala til hæren og seia: «Er det nokon som har bygt seg nytt hus, men endå ikkje vigsla det, kan han fara heim att, så ikkje ein annan skal vigsla huset om han fell i krigen.

6. Er det nokon som har planta ein vingard, men endå ikkje teke han i bruk, kan han fara heim att, så ikkje ein annan skal ta vingarden i bruk om han fell i krigen.

7. Og er det nokon som har trulova seg med ei kvinne, men endå ikkje gift seg med henne, kan han fara heim att, så ikkje ein annan skal gifta seg med henne om han fell i krigen.»

8. Dette òg skal tilsynsmennene seia til hæren: «Er det nokon som er redd og motlaus, kan han fara heim att, så ikkje våpenbrørne hans skal missa motet liksom han.»

9. Når så tilsynsmennene er ferdige med det dei har å seia, skal dei setja hovdingar over hæren.

10. Når du dreg fram mot ein by og vil strida mot han, skal du fyrst by han fred.

11. Tek folket i byen imot fredstilbodet og opnar portane for deg, skal dei alle gjera tvangsarbeid for deg.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 20