Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 2:4-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Du skal seia til folket: Når de fer fram gjennom Se’ir, landet åt frendane dykkar, Esau-sønene, kjem dei til å verta redde for dykk. Men de skal akta dykk vel

5. at de ikkje går til strid mot dei. Eg vil ikkje gje dykk så mykje som ei fotbreidd av landet deira, for eg har late Esau få Se’ir-fjella til eigedom.

6. Den maten de treng, lyt de kjøpa av dei for pengar, og vatnet de drikk, lyt de òg betala for.

7. Herren din Gud har velsigna deg i alt du har teke deg føre. Og han har sytt for deg på ferda gjennom den store øydemarka. I førti år har Herren din Gud vore med deg, og du har ingen ting vanta.»

8. Så tok vi av stad, bort frå frendane våre, Esau-sønene, som bur i Se’ir. Vi bøygde av frå vegen over Araba-sletta, den som går frå Eilat og Esjon-Geber, og heldt fram i ei anna lei, etter den vegen som fører til Moab-øydemarka.

9. Då sa Herren til meg: «Du skal ikkje gå til strid mot moabittane og ikkje ta på dei. Eg vil ikkje la deg få noko av landet deira, for Ar har eg gjeve Lots-sønene til eigedom. –

10. I gamle dagar budde emittane der, eit stort og mannsterkt folk; dei var høgvaksne som anakittane

Les hele kapitlet 5. Mosebok 2