Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 2:24-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Gjer dykk ferdige, far i veg og set over Arnon-elva! Sjå, eg gjev amoritten Sihon, kongen i Hesjbon, og landet hans i dine hender. Ta til med å leggja det under deg, og gå til strid mot han!

25. Etter denne dag vil eg la redsle og age for deg koma over alle folk under himmelen. Berre dei høyrer gjete deg, skal dei bivra og skjelva for deg.

26. Frå Kedemot-øydemarka sende eg nokre menn til Sihon, kongen i Hesjbon, med tilbod om fred. Eg sa:

27. «Lat meg få fara gjennom landet ditt! Eg skal halda meg på vegen og ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre.

28. Den maten eg treng, skal eg kjøpa av deg for pengar, og drikkevatnet du gjev meg, skal eg betala deg for. Eg vil berre fara til fots gjennom landet

29. – som Esau-sønene i Se’ir og moabittane i Ar gav meg lov til – så eg kan gå over Jordan og inn i det landet Herren vår Gud vil gje oss.»

30. Men Sihon, kongen i Hesjbon, ville ikkje la oss fara gjennom landet sitt. For Herren vår Gud hadde gjort hugen hans strid og hjarta hans hardt, fordi han ville gje han i dine hender, som han no har gjort.

31. Og Herren sa til meg: «Sjå, no gjev eg deg makt over Sihon og landet hans. Gå til verket og legg landet under deg!»

32. Sihon kom til Jahas med heile hæren sin og ville strida mot oss.

33. Men Herren vår Gud gav han i vårt vald, og vi vann over både han og sønene hans og heile hæren hans.

34. Den gongen tok vi alle byane hans og bannstøytte kvar byen, både menn, kvinner og born. Ingen vart att, og ingen slapp unna.

35. Berre bufeet eigna vi til oss, og hærfanget i dei byane vi hadde teke.

36. Frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, og frå byen nede i dalen heilt til Gilead fanst det ikkje ein einaste by med murar som var for høge for oss. Herren vår Gud gav dei alle i vårt vald.

37. Men ammonittlandet lét du vera i fred, både landet langs Jabbok-elva og byane oppi fjellet, alt det som Herren vår Gud hadde sagt at vi ikkje skulle ta.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 2