Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 18:16-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Det var dette du bad Herren din Gud om ved Horeb, den dagen de var samla der, då du sa: «Eg kan ikkje lenger høyra på røysta åt Herren min Gud, og denne store elden kan eg ikkje lenger sjå på; for då må eg døy.»

17. Då sa Herren til meg: Det er rett det dei seier.

18. Av landsmennene deira vil eg reisa opp ein profet som deg mellom dei. Eg vil leggja orda mine i munnen hans, og han skal tala til dei alt det eg byd han.

19. Den som ikkje høyrer på dei ord han talar i mitt namn, han vil eg krevja til rekneskap.

20. Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet åt andre gudar, då skal den profeten døy.

21. Og om du tenkjer med deg: «Korleis kan vi vita om eit ord kjem frå Herren?» – då skal du hugsa:

Les hele kapitlet 5. Mosebok 18