Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 17:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Du skal ikkje ofra til Herren din Gud oksar eller sauer som har lyte eller mein. Det er ein styggedom for Herren din Gud.

2. Finst det mellom dykk, i nokon av dei byane Herren din Gud gjev deg, ein mann eller ei kvinne som gjer det Herren mislikar, og bryt pakta hans,

3. ein som i strid med det eg har sagt, går bort og dyrkar andre gudar, bøyer seg og tilbed dei eller sola eller månen eller heile himmelhæren,

4. og dette vert sagt deg, og du får høyra om det, då skal du granska saka vel. Syner det seg at eit slikt skjemdarverk verkeleg er gjort i Israel,

5. skal den som har gjort brotet, anten det er mann eller kvinne, førast ut til byporten og steinast i hel.

6. Etter to eller tre manns vitnemål skal dødsdomen fullførast. Etter éin manns vitnemål skal ingen lata livet.

7. Vitna skal vera dei fyrste som lyfter handa for å drepa, og sidan skal heile folket gjera det same. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.

8. Når ei sak er så vanskeleg at du ikkje kan døma i henne, anten det gjeld drap eller tvistemål eller lekamsskade eller andre ting som det er strid om i byane dine, skal du ta ut og fara opp til den staden Herren din Gud vel seg ut.

9. Der skal du gå til levittprestane og til han som er domar på den tida, og spørja dei til råds. Dei skal fortelja deg kva dom som skal fellast.

10. Og du skal retta deg etter det dei seier på den staden Herren vel seg ut. I eitt og alt skal du gjera som dei lærer deg.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 17