Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 16:7-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Du skal koka og eta det på den staden Herren din Gud vel seg ut. Og om morgonen kan du fara heim att til telta dine.

8. Seks dagar skal du eta usyrt brød. Men den sjuande dagen skal det vera høgtidssamling for Herren din Gud. Då må du ikkje gjera noko arbeid.

9. Så skal du telja sju veker fram. Frå den dagen du lèt sigden gå i kornet, skal du rekna dei sju vekene.

10. Då skal du halda sjuvekehelga for Herren din Gud og bera fram dei friviljuge gåvene dine, alt etter som Herren din Gud velsignar deg.

11. Og du skal gleda deg for Herren din Guds åsyn på den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, både du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di, levittane som bur i byane dine, og innflyttaren, den farlause og enkja som er hjå deg.

12. Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt, og legg vinn på å leva etter desse føresegnene.

13. Når du har samla inn frå treskjevoll og vinpresse, skal du halda lauvhyttehelga i sju dagar.

14. Du skal gleda deg på denne høgtida, både du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di, levitten og innflyttaren, den farlause og enkja som bur i byane dine.

15. I sju dagar skal du halda høgtid for Herren din Gud på den staden Herren vel seg ut. For Herren din Gud vil velsigna deg og alt det du avlar, og alt det du tek deg føre. Difor skal du storleg gleda deg.

16. Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren din Gud på den staden han vel seg ut: i usyrdebrødshelga, sjuvekehelga og lauvhyttehelga. Ingen må visa seg tomhendt for Herrens åsyn.

17. Kvar skal koma med den gåva han har råd til, alt etter den velsigning Herren din Gud har gjeve deg.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 16