Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 16:10-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Då skal du halda sjuvekehelga for Herren din Gud og bera fram dei friviljuge gåvene dine, alt etter som Herren din Gud velsignar deg.

11. Og du skal gleda deg for Herren din Guds åsyn på den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, både du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di, levittane som bur i byane dine, og innflyttaren, den farlause og enkja som er hjå deg.

12. Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt, og legg vinn på å leva etter desse føresegnene.

13. Når du har samla inn frå treskjevoll og vinpresse, skal du halda lauvhyttehelga i sju dagar.

14. Du skal gleda deg på denne høgtida, både du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di, levitten og innflyttaren, den farlause og enkja som bur i byane dine.

15. I sju dagar skal du halda høgtid for Herren din Gud på den staden Herren vel seg ut. For Herren din Gud vil velsigna deg og alt det du avlar, og alt det du tek deg føre. Difor skal du storleg gleda deg.

16. Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren din Gud på den staden han vel seg ut: i usyrdebrødshelga, sjuvekehelga og lauvhyttehelga. Ingen må visa seg tomhendt for Herrens åsyn.

17. Kvar skal koma med den gåva han har råd til, alt etter den velsigning Herren din Gud har gjeve deg.

18. I alle dei byane Herren din Gud gjev deg, skal du setja inn domarar og tilsynsmenn for ættene dine, og dei skal døma folket med lov og rett.

19. Du skal ikkje rengja retten og ikkje gjera skil på folk og ikkje ta muter. For mutene gjer vise menn blinde og skader saka for dei som har rett.

20. Rettferd, ja rettferd skal du jaga etter. Då skal du få leva og ta i eige det landet som Herren din Gud gjev deg.

21. Du skal ikkje setja opp nokon Asjera-påle, ikkje planta noko tre attmed altaret som du byggjer åt Herren din Gud.

22. Og du skal ikkje reisa noka steinstøtte, for det hatar Herren din Gud.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 16