Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 16:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Akta på månaden abib! Då skal du halda påske for Herren din Gud. For i abib månad, ved nattetider, førte Herren din Gud deg ut or Egypt.

2. Til påskeoffer åt Herren din Gud skal du slakta sauer og oksar på den staden Herren vel ut til bustad åt namnet sitt.

3. Attåt offerkjøtet må du ikkje eta syrt brød. I sju dagar skal du eta usyrt brød, trengselsbrød; for du laut skunda deg ut or Egypt. Såleis skal du, så lenge du lever, minnast den dagen du tok ut frå Egypt.

4. I sju dagar må det ikkje finnast surdeig innan grensene dine. Og av det du slaktar om kvelden den fyrste dagen, må ingen ting liggja natta over, til morgons.

5. Du må ikkje slakta påskeofferet heime, i nokon av dei byane Herren din Gud gjev deg,

6. men berre på den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt. Der skal du slakta påskeofferet, om kvelden, når sola glader, på same tid som då du tok ut frå Egypt.

7. Du skal koka og eta det på den staden Herren din Gud vel seg ut. Og om morgonen kan du fara heim att til telta dine.

8. Seks dagar skal du eta usyrt brød. Men den sjuande dagen skal det vera høgtidssamling for Herren din Gud. Då må du ikkje gjera noko arbeid.

9. Så skal du telja sju veker fram. Frå den dagen du lèt sigden gå i kornet, skal du rekna dei sju vekene.

10. Då skal du halda sjuvekehelga for Herren din Gud og bera fram dei friviljuge gåvene dine, alt etter som Herren din Gud velsignar deg.

11. Og du skal gleda deg for Herren din Guds åsyn på den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, både du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di, levittane som bur i byane dine, og innflyttaren, den farlause og enkja som er hjå deg.

12. Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt, og legg vinn på å leva etter desse føresegnene.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 16