Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 15:15-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt, og at Herren din Gud løyste deg ut. Difor gjev eg deg i dag dette påbodet.

16. Men seier trælen at han ikkje vil skiljast frå deg, fordi han har det godt hjå deg og held av deg og folket ditt,

17. skal du ta ein syl og stikka gjennom øyra hans, inn i døra, og så skal han tena deg all si tid. Det same skal du gjera med trælkvinna di.

18. Ta det ikkje tungt om du må gje han fri og la han fara. Han har arbeidt for deg i seks år, og det han har gjort, er dobbelt så mykje verdt som det ein leigekar får. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer.

19. Alle fyrstefødde hanndyr av storfe og småfe skal du vigsla til Herren din Gud. Fyrstefødde oksar skal du ikkje bruka til arbeid, og fyrstefødde sauer må du ikkje klyppa.

20. Kvart år skal du og huslyden din eta dei for Herrens åsyn, på den staden Herren vel seg ut.

21. Men har dei lyte, anten dei er halte eller blinde eller har nokon annan stygg feil, skal du ikkje ofra dei til Herren din Gud.

22. Heime i byane dine kan du eta dei. Både ureine og reine kan eta dei, som når ein et gasell og hjort.

23. Men blodet må du ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!

Les hele kapitlet 5. Mosebok 15