Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 15:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Når ein av landsmennene dine, mann eller kvinne, av hebrearætt, vert seld til deg, skal han tena hjå deg i seks år, men i det sjuande året skal du gje han fri og la han fara sin veg.

13. Når du gjev han fri, skal du ikkje senda han frå deg tomhendt.

14. Lat han få rikeleg med seg av småfeet ditt og av det som kjem frå treskjevoll og vinpresse. Gjev han av det som Herren din Gud har velsigna deg med.

15. Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt, og at Herren din Gud løyste deg ut. Difor gjev eg deg i dag dette påbodet.

16. Men seier trælen at han ikkje vil skiljast frå deg, fordi han har det godt hjå deg og held av deg og folket ditt,

17. skal du ta ein syl og stikka gjennom øyra hans, inn i døra, og så skal han tena deg all si tid. Det same skal du gjera med trælkvinna di.

18. Ta det ikkje tungt om du må gje han fri og la han fara. Han har arbeidt for deg i seks år, og det han har gjort, er dobbelt så mykje verdt som det ein leigekar får. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 15