Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 13:7-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. gudar som folka rundt ikring dykk dyrkar, anten nær ved eller langt borte, frå den eine enden av jorda til den andre.

8. Då skal du ikkje gjera han til viljes og ikkje lyda han. Du skal ikkje ha medkjensle med han, ikkje spara han og ikkje halda di hand over han.

9. Men du skal ta livet av han. Sjølv skal du vera den fyrste som lyfter handa mot han, og sidan skal heile folket gjera det same.

10. Du skal steina han i hel, fordi han prøvde å lokka deg bort frå Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.

11. Og heile Israel skal høyra om det og reddast, så dei aldri meir gjer så stygg ei gjerning mellom dykk.

12. Det kan henda du høyrer einkvan seia om ein av dei byane Herren din Gud gjev deg til å bu i,

13. at det har stige fram gudlause menn mellom dykk og lokka folket i byen med slike ord: «Lat oss gå bort og dyrka andre gudar» – gudar som de ikkje kjenner.

14. Då skal du granska saka vel, røkja etter og spørja deg føre. Syner det seg då at eit slikt skjemdarverk verkeleg er gjort hjå deg,

15. skal du hogga ned folket i den byen med sverd. Du skal bannstøyta han og alt som i han er. Jamvel buskapen skal du hogga ned med sverd.

16. Alt hærfanget som er teke der, skal du samla midt på torget. Og du skal brenna byen og hærfanget som eit heiloffer til Herren din Gud. Sidan skal byen liggja i røys og aldri byggjast opp att.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 13