Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 10:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Eg snudde meg og gjekk ned av fjellet. Tavlene la eg i den kista eg hadde laga, og der vart dei liggjande, så som Herren hadde sagt meg.

6. Sidan tok israelittane ut frå Bene-Ja’akan-kjeldene og kom til Mosera. Der døydde Aron, og der vart han gravlagd. Og Elasar, son hans, vart prest etter han.

7. Derifrå heldt dei fram til Gudgod og frå Gudgod til Jotba, eit land med mange bekker.

8. På den tid skilde Herren ut Levi-ætta til å bera Herrens paktkiste og til å stå for Herrens åsyn, gjera teneste for han og lysa velsigning i hans namn, og det har dei gjort til denne dag.

9. Difor fekk ikkje Levi nokon arv og del saman med brørne sine. Herren er hans arv, såleis som Herren din Gud har sagt til han.

10. Så vart eg verande på fjellet i førti dagar og førti netter, liksom fyrste gongen. Og Herren høyrde bøna mi denne gongen òg. Han ville ikkje tyna deg.

11. Sidan sa Herren til meg: «Stå opp, ta ut og gå føre folket, så dei kan koma inn i det landet som eg med eid lova at eg ville gje fedrane deira, og leggja det under seg.»

12. Og no, Israel, kva er det Herren din Gud krev av deg? At du skal ottast Herren din Gud, så du går på alle hans vegar, elskar og tener han av heile ditt hjarta og heile din hug,

Les hele kapitlet 5. Mosebok 10