Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 10:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Den gongen sa Herren til meg: «Hogg til to steintavler, like eins som dei fyrste, og kom opp på fjellet til meg! Lag deg dessutan ei trekiste!

2. Så skal eg skriva dei same orda på desse tavlene som på dei fyrste, dei du slo sund, og du skal leggja tavlene i kista.»

3. Då laga eg ei kiste av akasietre, hogg til to steintavler, like eins som dei fyrste, og gjekk opp på fjellet med tavlene i handa.

4. Herren skreiv det same på tavlene som fyrste gongen, dei ti bodorda som han hadde forkynt for dykk på fjellet, midt ut or elden, den dagen de var samla. Og han gav dei til meg.

5. Eg snudde meg og gjekk ned av fjellet. Tavlene la eg i den kista eg hadde laga, og der vart dei liggjande, så som Herren hadde sagt meg.

6. Sidan tok israelittane ut frå Bene-Ja’akan-kjeldene og kom til Mosera. Der døydde Aron, og der vart han gravlagd. Og Elasar, son hans, vart prest etter han.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 10