Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 1:23-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Det tykte eg vel om, og så tok eg ut tolv mann, ein frå kvar ætt.

24. Dei gjekk av stad, fór opp i fjellet og kom til Esjkol-dalen. Dei endefór landet,

25. tok noko av frukta som veks der, og hadde med seg ned til oss, og fortalde om det dei hadde sett: «Landet som Herren vår Gud vil gje oss, er eit godt land.»

26. Men de ville ikkje fara dit. De sette dykk opp mot Herren dykkar Gud.

27. De sat og murra i telta dykkar: «Herren hatar oss; difor har han ført oss ut or Egypt. Og no vil han gje oss i hendene på amorittane og rydja oss ut.

28. Kva slag land er det vi fer opp til? Frendane våre tok reint motet frå oss då dei kom att og fortalde om eit folk som er større og høgare enn vi, og om store byar med himmelhøge festningsmurar. Der hadde dei sett anakittar òg.»

29. Då sa eg til dykk: «Lat dykk ikkje skræma, og ver ikkje redde dei!

30. Herren dykkar Gud går føre dykk. Han skal strida for dykk, så som de såg han gjorde i Egypt

31. og sidan i øydemarka. Der såg du korleis Herren din Gud bar deg, liksom ein mann ber barnet sitt, heile den vegen de fór, til de kom hit.»

32. Likevel trudde de ikkje på Herren dykkar Gud,

33. han som gjekk føre dykk på ferda og såg etter leirstader åt dykk, om natta i ein eld, så de kunne sjå den vegen de skulle gå, og om dagen i ei sky.

34. Då Herren høyrde korleis de tala, vart han harm og svor:

Les hele kapitlet 5. Mosebok 1