Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 1:19-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Så tok vi ut frå Horeb og fór gjennom heile den store og uhyggjelege øydemarka som de har sett. Vi fylgde vegen til fjell-landet åt amorittane, såleis som Herren vår Gud hadde sagt oss føre, og kom til Kadesj-Barnea.

20. Då sa eg til dykk: «No er de komne til fjell-landet åt amorittane, som Herren vår Gud vil gje oss.

21. Sjå, Herren din Gud har lagt landet ope for deg. Far opp og ta det, som Herren, dine fedrars Gud, har sagt deg. Ver ikkje redd, og miss ikkje motet!»

22. Då kom de til meg alle saman og sa: «Lat oss senda folk føre, så dei kan gjera seg kjende i landet og seia frå kva veg vi skal fara dit opp, og kva byar vi kjem til!»

23. Det tykte eg vel om, og så tok eg ut tolv mann, ein frå kvar ætt.

24. Dei gjekk av stad, fór opp i fjellet og kom til Esjkol-dalen. Dei endefór landet,

25. tok noko av frukta som veks der, og hadde med seg ned til oss, og fortalde om det dei hadde sett: «Landet som Herren vår Gud vil gje oss, er eit godt land.»

26. Men de ville ikkje fara dit. De sette dykk opp mot Herren dykkar Gud.

27. De sat og murra i telta dykkar: «Herren hatar oss; difor har han ført oss ut or Egypt. Og no vil han gje oss i hendene på amorittane og rydja oss ut.

28. Kva slag land er det vi fer opp til? Frendane våre tok reint motet frå oss då dei kom att og fortalde om eit folk som er større og høgare enn vi, og om store byar med himmelhøge festningsmurar. Der hadde dei sett anakittar òg.»

29. Då sa eg til dykk: «Lat dykk ikkje skræma, og ver ikkje redde dei!

Les hele kapitlet 5. Mosebok 1