Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 6:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Så lenge nasirearlovnaden gjeld, må det ikkje koma rakekniv på hovudet hans. Heilt til vigslingstida er ute, skal han vera heilag. Han skal la håret på hovudet veksa og hanga fritt.

6. Så lenge han er vigd til Herren, må han ikkje koma nær lik.

7. Om far eller mor, bror eller syster hans døyr, må han ikkje gjera seg urein for deira skuld. Håret på hovudet hans viser at han er vigd til Gud.

8. Så lenge han er nasirear, er han heilag for Herren.

9. Men dersom nokon døyr brått og uventa attmed han, så det vigde hovudet hans vert ureint, skal han raka hovudet den dagen han vert rein; den sjuande dagen skal han raka det.

10. Den åttande dagen skal han koma til presten, til møteteltdøra, med to turtelduer eller to dueungar.

11. Den eine skal presten ofra som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal han gjera soning for mannen og reinsa han for den synda han gjorde då han kom nær liket. Same dagen kan han helga hovudet sitt på nytt.

12. Han skal via seg til Herren for like lang tid som han før hadde lova, og bera fram eit årsgamalt lam som skuldoffer. Den fyrste nasireartida gjeld ikkje meir, fordi det vigde hovudet hans har vorte ureint.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 6