Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 6:21-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Dette er lova om nasirearen og den lovnaden han gjev, og om det offeret han skal bera fram for Herren når han vert vigd, attåt det han elles har råd til. Han skal gjera alt det han har gjeve lovnad om, og det som nasirearlova elles krev.

22. Herren sa til Moses:

23. Du skal tala til Aron og sønene hans og seia til dei: Når de velsignar israelittane, skal de seia:

24. Herren velsigne degog vare deg!

25. Herren la sitt andlet lysa over degog vere deg nådig!

26. Herren lyfte sitt åsyn på degog gjeve deg fred!

27. Når dei såleis legg mitt namn på israelittane, vil eg velsigna dei.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 6