Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 6:14-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Der skal han bera fram offeret sitt for Herren: eit årsgamalt, lytelaust verlam som brennoffer, eit årsgamalt, lytelaust saulam som syndoffer og ein lytelaus ver som måltidsoffer;

15. ei korg med usyrt brød av kveitemjøl, kaker som det er olje i, usyrte brødleivar, smurde med olje, og grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

16. Dette skal presten bera fram for Herren; han skal ofra det som syndoffer og brennoffer for mannen.

17. Veren skal han ofra som måltidsoffer til Herren saman med korga med det usyrte brødet. Presten skal bera fram grødeofferet og drikkofferet for han.

18. Så skal nasirearen raka det vigde hovudet sitt attmed møteteltdøra. Og håret som var vigt, skal han ta og leggja på elden som brenn under måltidsofferet.

19. Presten skal ta den eine bogen av veren når han er kokt, ei usyrt kake frå korga og ein usyrt brødleiv og leggja det i hendene på nasirearen etter at han har raka av seg det vigde håret sitt.

20. Dette skal presten svinga for Herrens åsyn. Det skal vera ei heilag gåve til presten, attåt brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift. Sidan kan nasirearen drikka vin.

21. Dette er lova om nasirearen og den lovnaden han gjev, og om det offeret han skal bera fram for Herren når han vert vigd, attåt det han elles har råd til. Han skal gjera alt det han har gjeve lovnad om, og det som nasirearlova elles krev.

22. Herren sa til Moses:

23. Du skal tala til Aron og sønene hans og seia til dei: Når de velsignar israelittane, skal de seia:

24. Herren velsigne degog vare deg!

25. Herren la sitt andlet lysa over degog vere deg nådig!

26. Herren lyfte sitt åsyn på degog gjeve deg fred!

Les hele kapitlet 4. Mosebok 6