Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 6:10-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Den åttande dagen skal han koma til presten, til møteteltdøra, med to turtelduer eller to dueungar.

11. Den eine skal presten ofra som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal han gjera soning for mannen og reinsa han for den synda han gjorde då han kom nær liket. Same dagen kan han helga hovudet sitt på nytt.

12. Han skal via seg til Herren for like lang tid som han før hadde lova, og bera fram eit årsgamalt lam som skuldoffer. Den fyrste nasireartida gjeld ikkje meir, fordi det vigde hovudet hans har vorte ureint.

13. Dette er føresegna for nasirearen: Den dagen vigslingstida hans er ute, skal han førast fram til møteteltdøra.

14. Der skal han bera fram offeret sitt for Herren: eit årsgamalt, lytelaust verlam som brennoffer, eit årsgamalt, lytelaust saulam som syndoffer og ein lytelaus ver som måltidsoffer;

15. ei korg med usyrt brød av kveitemjøl, kaker som det er olje i, usyrte brødleivar, smurde med olje, og grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

16. Dette skal presten bera fram for Herren; han skal ofra det som syndoffer og brennoffer for mannen.

17. Veren skal han ofra som måltidsoffer til Herren saman med korga med det usyrte brødet. Presten skal bera fram grødeofferet og drikkofferet for han.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 6