Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 36:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Leiarane for dei huslydane som var ætta frå Gilead, son til Makir, Manasses son, og som høyrde Josefs-ættene til, steig fram for Moses og leiarane, ættehovdingane i Israel

2. og sa: Herren har sagt at du, herre, skal skifta landet mellom israelittane ved loddkasting. Og han har sagt, herre, at du skal la døtrene til Selofhad, frenden vår, få eigedomen etter far sin.

3. Men gifter dei seg med menn frå dei andre Israels-ættene, går arven deira over frå eigedomen åt fedrane til den ætta dei no skal tilhøyra. Såleis minkar den eigedomen vi har fått.

4. Når ettergjevingsåret kjem hjå israelittane, vert arven åt døtrene lagd til eigedomen i den ætta dei tilhøyrer. Han vert teken frå den odelsjorda som vår fedreætt fekk.

5. Då tala Moses til israelittane så som Herren hadde sagt han føre: Det er rett det som leiarane i Josefs-ætta seier.

6. Dette er det påbodet Herren gjev døtrene til Selofhad: Dei kan gifta seg med kven dei vil, berre dei gifter seg innan si eiga fedreætt.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 36