Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 35:13-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Seks av dei byane som de gjev levittane, skal vera slike fristader.

14. Tre av dei skal de ta på austsida av Jordan og tre i Kanaan.

15. Både for israelittar og for innflyttarar og framande som bur mellom dykk, skal desse seks byane vera fristader, så den som av vanvare har drepe nokon, kan røma dit.

16. Den som slår nokon i hel med ein jernreiskap, han er ein drapsmann, og drapsmannen skal døy.

17. Tek nokon ein stein som er stor nok til å drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal døy.

18. Eller tek han ein reiskap av tre som ein kan drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal døy.

19. Blodhemnaren kan slå drapsmannen i hel. Så snart han finn han, skal han drepa han.

20. Dersom nokon støyter til ein mann i uvenskap eller kastar eitkvart på han med vilje så han døyr,

21. eller i fiendskap slår han med neven så han døyr, då skal den som slo, bøta med livet. Han er ein drapsmann, og blodhemnaren kan slå han i hel så snart han finn han.

22. Men så kan det henda at nokon brått støyter til ein mann utan fiendskap eller kastar eitkvart på han mot sin vilje.

23. Eller kanskje han ikkje ser den andre og råkar han med ein stein som er stor nok til å drepa med, så han døyr, endå mannen ikkje var hans fiende og ikkje ville han noko vondt.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 35