Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 3:46-51 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

46. Men i løysepengar for dei 273 fyrstefødde mellom israelittane som går ut over talet på levittar,

47. skal du ta fem sekel for kvar, etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera.

48. Desse pengane skal du gje Aron og sønene hans til utløysing av dei israelittane som er over talet.

49. Så fekk Moses løysepengane for dei fyrstefødde mellom israelittane som var att då dei andre var utløyste med levittane.

50. Hjå dei fyrstefødde mellom israelittane fekk han pengane, 1 365 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.

51. Og etter Herrens ord gav Moses løysepengane til Aron og sønene hans. Moses gjorde som Herren hadde sagt.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 3