Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 3:31-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Det dei skulle ta seg av, var paktkista, bordet, ljosestaken, altara, dei heilage reiskapane som vart nytta i gudstenesta, og teppet og alt arbeidet som fylgde med.

32. Den øvste hovdingen over levittane var Elasar, son til Aron, presten. Han hadde tilsyn med dei som gjorde teneste ved heilagdomen.

33. Til Merari høyrde Makli-ætta og Musji-ætta. Det er Merari-ættene.

34. Då dei vart mønstra, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var det 6 200 som vart innskrivne i manntalet.

35. Hovdingen over Merari-greina var Suriel, son til Abihajil. Dei hadde leiren sin på nordsida av heilagdomen.

36. Merari-sønene var sette til å ta seg av plankane i møteteltet, tverrstengene, stolpane og fotstykka, alle reiskapane der og alt arbeidet som fylgde med,

37. og stolpane kring føregarden med fotstykka, pluggane og snorene som høyrde til.

38. På austsida av heilagdomen, framfor den delen av møteteltet som vender mot soloppgangen, hadde Moses og Aron og sønene hans leiren sin. Dei tok seg av tenesta ved heilagdomen for israelittane. Kom ein annan nær det heilage, laut han døy.

39. Talet på dei levittane som vart mønstra, mønstra av Moses og Aron på Herrens ord, ætt for ætt, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var i alt 22 000.

40. Herren sa til Moses: Du skal mønstra dei fyrstefødde i Israel, alle menn og alle gutar som er ein månad eller meir, og skriva dei inn i manntalet.

41. Lat så meg, Herren, få levittane i staden for alle dei fyrstefødde mellom israelittane, og feet åt levittane i staden for alt det fyrstefødde feet hjå israelittane.

42. Moses gjorde som Herren hadde sagt, og mønstra alle fyrstefødde hjå israelittane.

43. Talet på dei fyrstefødde som vart mønstra og innskrivne i manntalet, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var i alt 22 273.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 3