Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 3:3-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Det er namna på Arons-sønene, dei som var salva til prestar og vigde til å gjera presteteneste.

4. Nadab og Abihu døydde i Sinai-øydemarka medan dei stod for Herrens åsyn; for dei hadde bore uvigsla eld fram for han. Dei hadde ingen søner. Sidan gjorde Elasar og Itamar presteteneste under Aron, far sin.

5. Herren sa til Moses:

6. Lat Levi-ætta koma hit! Lat dei gå fram for Aron, presten, og tena han!

7. Dei skal gjera teneste framfor møteteltet både for Aron og for heile Israels-lyden og gjera det arbeidet som skal gjerast ved heilagdomen.

8. Dei skal ta vare på alt det som høyrer til i møteteltet. Såleis skal dei tena israelittane og gjera det arbeidet som skal gjerast ved heilagdomen.

9. Gjev levittane over til Aron og sønene hans. Dei er dei einaste av israelittane som skal gjevast over til han.

10. Aron og sønene hans skal du setja til å gjera presteteneste. Kjem nokon annan nær det heilage, skal han døy.

11. Så sa Herren til Moses:

12. Sjå, levittane har eg teke ut mellom israelittane i staden for alle fyrstefødde i Israel, dei som kjem fyrst frå mors liv. Og levittane skal høyra meg til.

13. For eg skal ha alt fyrstefødt. Den dagen eg slo i hel alle dei fyrstefødde i Egypt, fastsette eg at alt fyrstefødt i Israel, både av menneske og dyr, skal viast til meg. Det skal høyra meg til. Eg er Herren.

14. Herren tala atter til Moses i Sinai-øydemarka og sa:

15. «Du skal mønstra levittane, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle menn og alle gutar som er ein månad eller meir, skal du mønstra.»

16. Så mønstra Moses dei på Herrens ord, som han var føresagd.

17. Dette er namna på sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari.

18. Sønene til Gersjon og ættene deira heitte Libni og Sjimi.

19. Sønene til Kehat og ættene deira var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 3