Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 28:6-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Dette er det daglege brennofferet, som fyrst vart frambore ved Sinai-fjellet, eit eldoffer til godange for Herren.

7. Drikkofferet som høyrer til det fyrste lammet, skal vera ein fjerdedels hin, eit offer av sterk drikk, som du ber fram for Herren i heilagdomen.

8. Det andre lammet skal du ofra om kvelden, straks etter soleglad, og det same grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit eldoffer som angar godt for Herren.

9. På sabbatsdagen skal du ofra to årsgamle, lytelause lam, som grødeoffer to tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje, og drikkofferet som høyrer til.

10. Dette er det serskilde brennofferet som skal berast fram kvar sabbat, attåt det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.

11. Den fyrste dagen i kvar månad skal de bera fram eit brennoffer for Herren: to unge oksar, ein ver og sju årsgamle, lytelause lam.

12. For kvar okse skal de bera fram eit grødeoffer på tre tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje, for den eine veren to tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje,

13. og for kvart lam ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje. Såleis skal brennofferet vera, eit eldoffer som angar godt for Herren.

14. Drikkoffera som høyrer til, skal vera ein halv hin vin for kvar okse, ein tredjedels hin for veren og ein fjerdedels hin for kvart lam. Dette er nymåne-brennofferet, som skal berast fram kvar nymånedag i året.

15. Ein bukk skal de òg ofra som syndoffer til Herren, attåt det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.

16. Den fjortande dagen i den fyrste månaden er det påskehelg for Herren.

17. Og frå den femtande dagen i same månaden er det høgtid; då skal de eta usyrt brød i sju dagar.

18. Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

19. Som brennoffer, eldoffer for Herren, skal de bera fram to unge oksar, ein ver og sju årsgamle lam; og dei må vera utan lyte.

20. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for veren

Les hele kapitlet 4. Mosebok 28