Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 28:20-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for veren

21. og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

22. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer til soning for dykk.

23. Dette skal de ofra attåt den delen av det daglege brennofferet som vert frambore om morgonen.

24. Slike offer skal de bera fram kvar av dei sju dagane. Det er eldoffermat som angar godt for Herren. Attåt det daglege brennofferet skal de bera det fram, med drikkofferet som høyrer til.

25. Den sjuande dagen skal det vera heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

26. På fyrstegrødedagen, når de høgtidar sjuvekehelga og ber fram for Herren offer av den nye grøda, skal det vera heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

27. De skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: to unge oksar, ein ver og sju årsgamle lam.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 28