Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 28:14-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Drikkoffera som høyrer til, skal vera ein halv hin vin for kvar okse, ein tredjedels hin for veren og ein fjerdedels hin for kvart lam. Dette er nymåne-brennofferet, som skal berast fram kvar nymånedag i året.

15. Ein bukk skal de òg ofra som syndoffer til Herren, attåt det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.

16. Den fjortande dagen i den fyrste månaden er det påskehelg for Herren.

17. Og frå den femtande dagen i same månaden er det høgtid; då skal de eta usyrt brød i sju dagar.

18. Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

19. Som brennoffer, eldoffer for Herren, skal de bera fram to unge oksar, ein ver og sju årsgamle lam; og dei må vera utan lyte.

20. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for veren

21. og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

22. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer til soning for dykk.

23. Dette skal de ofra attåt den delen av det daglege brennofferet som vert frambore om morgonen.

24. Slike offer skal de bera fram kvar av dei sju dagane. Det er eldoffermat som angar godt for Herren. Attåt det daglege brennofferet skal de bera det fram, med drikkofferet som høyrer til.

25. Den sjuande dagen skal det vera heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 28