Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 28:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren sa til Moses:

2. Gjev israelittane dette påbodet: Til fastsett tid må de syta for å bera fram for meg offergåvene mine av mat, eldoffer som angar godt for meg.

3. Sei til dei: Dette er det eldofferet som de skal bera fram for Herren kvar dag: to årsgamle, lytelause lam. Det er det daglege brennofferet.

4. Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad.

5. Som grødeoffer skal du bera fram ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven.

6. Dette er det daglege brennofferet, som fyrst vart frambore ved Sinai-fjellet, eit eldoffer til godange for Herren.

7. Drikkofferet som høyrer til det fyrste lammet, skal vera ein fjerdedels hin, eit offer av sterk drikk, som du ber fram for Herren i heilagdomen.

8. Det andre lammet skal du ofra om kvelden, straks etter soleglad, og det same grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit eldoffer som angar godt for Herren.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 28