Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 24:2-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Han såg utover og fekk auga på Israels-ættene, som låg der side om side. Då kom Guds Ande over han,

3. og han kvad:Så seier Bileam, son til Beor,så seier mannen ¬med attlatne augo,

4. så seier han ¬som høyrer ord ifrå Gudog får syner frå Den Allmektige,der han sit med klårsynte augo:

5. Kor fagre dine telt er, Jakob,dine bustader, Israel!

6. Dei er som vide dalar,som hagar langs ei elv,lik aloëtre ¬som Herren har planta,lik sedrar som veks attmed vatn.

7. Vatnet strøymer frå Israels kar,det dei sår, ¬får rikeleg med væte. Større enn Agag ¬skal kongen deira vera,høgt skal hans velde nå.

8. Gud førte dei ut or Egypt,og dei har styrke ¬som ein villokse.Dei øyder ut fiendslege folk,knuser deira bein ¬og bryt deira piler.

9. Dei legg seg ned ¬og kviler som ei løve,som ei løvinne ¬– kven torer vekkja henne?Velsigna er den ¬som velsignar deg,og forbanna den ¬som forbannar deg.

10. Då vart Balak brennande harm på Bileam. Han slo saman hendene og sa til han: «Eg kalla deg hit for at du skulle forbanna fiendane mine, og no har du velsigna dei tre gonger!

Les hele kapitlet 4. Mosebok 24