Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 22:30-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Men eselet sa til Bileam: «Er ikkje eg eselet ditt, som du alltid har ride på, heilt til denne dag? Har eg nokon gong hatt for vane å gjera slikt mot deg?» «Nei,» svara Bileam.

31. Då opna Herren augo hans, og han såg Herrens engel som stod på vegen med drege sverd i handa. Straks kasta han seg ned og bøygde seg med andletet mot jorda.

32. Herrens engel sa til han: «Kvifor har du tre gonger slege eselet ditt? Sjå, eg har gått ut for å stå deg imot. For eg ser at dette er ei farleg ferd.

33. Eselet såg meg og tok av vegen for meg alle tre gongene. Hadde det ikkje det gjort, ville eg no ha drepe deg, men spart eselet.»

34. Då sa Bileam til Herrens engel: «Eg har synda, for eg skjøna ikkje at du stod framfor meg på vegen. Har du noko imot denne ferda, skal eg venda heim att.»

35. Herrens engel svara: «Nei, far med desse mennene! Men sei ikkje anna enn det eg byd deg!» Så fylgde Bileam med hovdingane åt Balak.

36. Då Balak fekk høyra at Bileam kom, tok han av stad og møtte han i Ir-Moab, som ligg ved Arnon, i utkanten av landet.

37. Balak sa til Bileam: «Kvifor kom du ikkje då eg sende bod etter deg? Trur du ikkje eg kan visa deg ære?»

38. Bileam svara: «Når eg no er komen til deg, kan eg då tala fritt? Dei orda som Gud legg meg i munnen, må eg tala.»

39. Så fylgde Bileam med kong Balak, og dei kom til Kirjat-Husot.

40. Der slakta Balak storfe og småfe og sende til Bileam og dei hovdingane som var med han.

41. Morgonen etter tok kongen Bileam med seg og førte han opp på Ba’al-haugen. Derifrå kunne han sjå utkanten av Israels-leiren.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 22