Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 22:18-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Bileam svara kongsmennene: «Om Balak gav meg alt det sølv og gull han har i huset sitt, kunne eg ikkje gjera noko, korkje smått eller stort, som går imot det Herren min Gud har sagt.

19. Ver no her i natt, de òg, så får eg vita kva Herren vil seia meg.»

20. Om natta kom Gud til Bileam og sa til han: «Er desse mennene komne hit for å henta deg, så stå opp og gå med dei! Men gjer ikkje anna enn det eg seier deg!»

21. Om morgonen stod Bileam opp, sala eselet sitt og tok ut saman med Moab-hovdingane.

22. Men Gud vart brennande harm fordi han fylgde med. Difor stelte Herrens engel seg framfor han på vegen som ein motstandar. Då han kom ridande på eselet sitt i lag med dei to tenarane sine,

23. fekk eselet auga på Herrens engel som stod der på vegen med drege sverd i handa. Eselet tok av frå vegen og gjekk ut på marka. Men Bileam ville ha det inn att på vegen og gav det eit slag.

24. Sidan stelte Herrens engel seg på ein smal veg mellom vingardane. Det var steingard på begge sider.

25. Då eselet såg Herrens engel, pressa det seg inn til muren og klemde foten åt Bileam mot steinane. Då slo han til det att.

26. Endå ein gong gjekk Herrens engel framom og stelte seg på ein trong stad. Der var det ikkje råd å vika unna, korkje til høgre eller venstre.

27. Då eselet atter fekk auga på Herrens engel, la det seg ned under Bileam. No vart Bileam brennande harm og slo til eselet med staven sin.

28. Då gav Herren eselet mål og mæle, og det sa til Bileam: «Kva har eg gjort deg? No er det tredje gongen du slår meg.»

29. Bileam svara: «Du har halde meg for narr. Hadde eg berre eit sverd i handa, skulle eg drepe deg med det same!»

30. Men eselet sa til Bileam: «Er ikkje eg eselet ditt, som du alltid har ride på, heilt til denne dag? Har eg nokon gong hatt for vane å gjera slikt mot deg?» «Nei,» svara Bileam.

31. Då opna Herren augo hans, og han såg Herrens engel som stod på vegen med drege sverd i handa. Straks kasta han seg ned og bøygde seg med andletet mot jorda.

32. Herrens engel sa til han: «Kvifor har du tre gonger slege eselet ditt? Sjå, eg har gått ut for å stå deg imot. For eg ser at dette er ei farleg ferd.

33. Eselet såg meg og tok av vegen for meg alle tre gongene. Hadde det ikkje det gjort, ville eg no ha drepe deg, men spart eselet.»

34. Då sa Bileam til Herrens engel: «Eg har synda, for eg skjøna ikkje at du stod framfor meg på vegen. Har du noko imot denne ferda, skal eg venda heim att.»

35. Herrens engel svara: «Nei, far med desse mennene! Men sei ikkje anna enn det eg byd deg!» Så fylgde Bileam med hovdingane åt Balak.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 22