Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 22:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Israelittane heldt fram på ferda og slo leir på slettene i Moab, på hi sida av Jordan, midt for Jeriko.

2. Då Balak, son til Sippor, såg alt det Israel hadde gjort med amorittane,

3. vart redsla stor mellom moabittane for dette folket som var så talrikt. Dei grua seg for å møta israelittane.

4. Moabittane sa til dei eldste i Midjan: «No kjem denne store hopen til å eta opp alt ikring oss, liksom oksane når dei gneg bøen snau.»På den tid var Balak, son til Sippor, konge i Moab.

5. Han sende bod til Bileam, son til Beor, i Petor, som ligg ved elva i det landet der han hadde frendane sine. Dei skulle be han koma og seia: «Sjå, eit folk har fare ut frå Egypt. Dei er så mange at dei fyller heile landet og har slege seg ned beint framfor meg.

6. No må du koma og forbanna dette folket. Dei er for sterke for meg. Kanskje eg då kan vinna over dei og driva dei ut or landet. For eg veit at den du velsignar, er velsigna, og den du forbannar, er forbanna.»

7. Dei eldste i Moab og Midjan tok av stad, og dei hadde spåmannsløn med seg. Då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak.

8. Han sa til dei: «Ver her i natt, så skal eg la dykk få det svaret som Herren gjev meg.» Så gav Moab-hovdingane seg til hjå Bileam.

9. Gud kom til Bileam og sa: «Kva er det for folk du har hjå deg?»

10. Han svara: «Balak, son til Sippor, kongen i Moab, har sendt dette bodet til meg:

11. Sjå, eit folk har kome frå Egypt. Dei er så mange at dei fyller heile landet. Kom no og forbanna dei for meg! Kanskje eg då kan strida mot dei og driva dei ut or landet.»

12. Gud sa til Bileam: «Gå ikkje med dei! Du skal ikkje forbanna dette folket; for det er velsigna.»

13. Då Bileam stod opp om morgonen, sa han til hovdingane som Balak hadde sendt: «Far heim att til landet dykkar! Herren gjev meg ikkje lov til å fylgja med dykk.»

14. Så tok Moab-hovdingane av stad. Dei kom til Balak og fortalde at Bileam ikkje ville vera med dei.

15. Då sende Balak andre hovdingar, fleire og gjævare enn dei fyrste.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 22