Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 20:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. «Ta staven! Så skal du og Aron, bror din, kalla folket saman og tala til berget medan dei ser på. Då skal det gje frå seg vatn. Såleis skal de få vatn til å strøyma fram frå berget og la både folk og buskap få drikka.»

9. Moses gjorde som Herren sa. Han tok staven som låg for Herrens åsyn.

10. Og han og Aron kalla folket saman framfor berget og sa til dei: «Høyr no, de stridnakkar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma fram åt dykk frå dette berget?»

11. Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då strøymde det fram så mykje vatn at både folket og buskapen fekk drikka.

12. Men Herren sa til Moses og Aron: «Fordi de ikkje trudde på meg og ikkje lét israelittane sjå kor heilag eg er, difor skal ikkje de få føra dette folket inn i det landet eg har gjeve dei.»

13. Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han synte dei kor heilag han er.

14. Frå Kadesj sende Moses bod til kongen i Edom: Så seier Israel, frenden din: Du veit kor mykje strev og møde vi har hatt.

15. Fedrane våre fór ned til Egypt, og der budde dei i lang tid. Men egyptarane var harde med oss og fedrane våre.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 20