Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 20:21-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Sidan kongen i Edom nekta israelittane å fara gjennom landet hans, bøygde dei av og tok ei anna lei.

22. Israelittane tok ut frå Kadesj og kom i samla flokk til Hor-fjellet.

23. Der, ved grensa mot Edom-landet, sa Herren til Moses og Aron:

24. No skal Aron fara til folket sitt. Han får ikkje koma inn i det landet eg har gjeve israelittane; for de var ulydige mot meg ved Meriba-kjelda.

25. Ta Aron og Elasar, son hans, med deg opp på Hor-fjellet!

26. Ta så prestekleda av Aron og ha dei på Elasar, son hans! For der skal Aron døy og fara til folket sitt.

27. Moses gjorde som Herren sa. Medan heile folket såg på, steig dei opp på Hor-fjellet.

28. Moses tok prestekleda av Aron og hadde dei på Elasar, son hans. Så døydde Aron der oppe på toppen av fjellet. Då Moses og Elasar kom ned att,

Les hele kapitlet 4. Mosebok 20