Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 20:13-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han synte dei kor heilag han er.

14. Frå Kadesj sende Moses bod til kongen i Edom: Så seier Israel, frenden din: Du veit kor mykje strev og møde vi har hatt.

15. Fedrane våre fór ned til Egypt, og der budde dei i lang tid. Men egyptarane var harde med oss og fedrane våre.

16. Då ropa vi til Herren, og han høyrde bøna vår. Han sende ein engel og førte oss ut or Egypt. Og no er vi i Kadesj, ein stad som ligg nær grensa til landet ditt.

17. Lat oss få fara gjennom landet ditt! Vi skal ikkje gå gjennom åkrar eller vingardar og ikkje drikka vatn or brunnane. Vi skal fylgja kongsvegen og ikkje ta av til høgre eller venstre før vi er komne gjennom landet.

18. Men kongen i Edom svara: «Du får ikkje fara gjennom landet mitt. Gjer du det, møter eg deg med sverd i hand.»

19. Då sa israelittane til han: «Vi vil halda oss til landevegen, og dersom vi eller buskapen vår drikk av vatnet som høyrer deg til, skal eg betala for det. Det er ikkje stort eg bed om. Eg vil berre få gå gjennom landet til fots.»

Les hele kapitlet 4. Mosebok 20