Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 20:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I den fyrste månaden kom israelittane i samla flokk til Sin-øydemarka, og dei gav seg til i Kadesj. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.

2. Då folket ikkje hadde vatn, slo dei seg saman mot Moses og Aron.

3. Dei tretta med Moses og sa: «Gjev vi hadde fått døy liksom landsmennene våre døydde for Herrens åsyn!

4. Kvifor har de ført Herrens folk ut i denne øydemarka når vi må døy her, både vi og feet vårt?

5. Kvifor førte de oss ut or Egypt og lét oss koma til denne skarve staden, ein stad der det korkje finst korn eller fiken, vintre eller granateple, ja, ikkje eingong drikkevatn?»

6. Moses og Aron kom seg unna folkehopen og gjekk bort til møteteltdøra. Der kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Då synte Herrens herlegdom seg for dei,

7. og Herren sa til Moses:

8. «Ta staven! Så skal du og Aron, bror din, kalla folket saman og tala til berget medan dei ser på. Då skal det gje frå seg vatn. Såleis skal de få vatn til å strøyma fram frå berget og la både folk og buskap få drikka.»

9. Moses gjorde som Herren sa. Han tok staven som låg for Herrens åsyn.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 20