Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 18:17-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Men dei fyrstefødde av kyr, sauer og geiter kan du ikkje løysa; dei er heilage. Blodet deira skal du skvetta på altaret, og feittet skal du brenna; det skal vera eit eldoffer til godange for Herren.

18. Men kjøtet skal høyra deg til, liksom brystet som vert svinga, og det høgre låret.

19. Alle heilage gåver som israelittane kjem til Herren med, gjev eg deg og sønene og døtrene dine; dei skal de ha rett på i all framtid. For deg og etterkomarane dine skal dette vera ei evig pakt som er vigsla med salt for Herrens åsyn.

20. Herren sa til Aron: Når landet vert utskift, får du inga jordeign til liks med dei andre. Eg skal vera din arv og del mellom israelittane.

21. Men eg lèt levittane få all tienda i Israel. Den skal dei ha i løn for arbeidet sitt, for tenesta ved møteteltet.

22. Dei andre israelittane skal aldri meir koma nær møteteltet. For då fører dei synd over seg og må døy.

23. Det er levittane som skal gjera teneste ved møteteltet og ha ansvar for det. Det skal vera ei evig lov, frå ætt til ætt. Dei skal inga jordeign ha mellom israelittane.

24. For tienda, den heilage gåva som israelittane kjem til Herren med, lèt eg levittane få; den skal vera deira eigedom. Difor har eg sagt til dei at dei ikkje skal eiga jord liksom dei andre israelittane.

25. Herren tala til Moses og sa:

26. Du skal seia til levittane: Når de tek imot tiend frå israelittane, den delen som eg lèt dykk få frå dei, då skal de ta ein tiandepart av tienda og gje i heilag gåve til Herren.

27. Denne gåva skal reknast for jamgod med kornet frå treskjevollen og vinen frå vinpressa.

28. På den måten skal de òg gje Herren ei heilag gåve av all tienda de får frå israelittane. Og den delen av tienda som Herren skal ha, skal de gje til Aron, presten.

29. Av alle gåvene de får, må de gje Herren det han skal ha. Den beste delen av dei skal de via til han.

30. Du skal seia til dei: Når de har gjeve det beste til Herren, kan de levittar sjå på resten som de ser på det som kjem frå treskjevoll og vinpresse.

31. De kan eta det kvar de vil, både de og huslydane dykkar. Det er den løn de skal ha for tenesta ved møteteltet.

32. Når de berre gjev Herren det beste, fører de ikkje synd over dykk. Då vanhelgar de ikkje dei heilage gåvene frå israelittane, og de skal ikkje døy.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 18