Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 18:1-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren sa til Aron: Du og sønene dine og heile farsætta di skal bera ansvaret for synder mot heilagdomen. Og du skal saman med sønene dine bera ansvaret for synder mot prestetenesta.

2. Og brørne dine av Levi-ætta, farsætta di, skal du ta med deg. Dei skal gjera teneste saman med deg, når du og sønene dine stig fram for teltet.

3. Dei skal hjelpa deg med tenesta i heile teltet. Men dei heilage kara og altaret skal dei ikkje koma nær. Elles må de døy, både de og dei.

4. Saman med deg skal dei tena i møteteltet og gjera alt det som skal gjerast der. Men ingen utanforståande må koma dykk nær

5. når de gjer teneste i heilagdomen og ved altaret. Elles kan vreidedomen atter koma over israelittane.

6. Det er eg som tek ut brørne dykkar, levittane, mellom israelittane og gjev dei til dykk som ei gåve. Dei er vigde til Herren og skal arbeida i møteteltet.

7. Men du og sønene dine skal ta dykk av prestetenesta, alt det som skal gjerast ved altaret og innanfor forhenget. Det arbeidet skal de gjera. Eg gjev dykk prestetenesta i gåve. Men kjem ein utanforståande innåt, må han døy.

8. Herren tala atter til Aron og sa: Eg lèt deg ta vare på dei gåvene eg får. Alle dei heilage gåvene frå israelittane gjev eg deg og sønene dine; det skal vera din del og deira rett i all framtid.

9. Av alle dei høgheilage offera skal dette høyra deg til: Av alt det som dei ber fram, av alle grødeoffera, syndoffera og skuldoffera, alle dei høgheilage offera, skal du og sønene dine ha det som ikkje vert brent.

10. Du skal eta dei som høgheilage gåver. Berre menn kan eta dei; heilage skal dei vera for deg.

11. Av dei heilage gåvene som israelittane gjev, skal dette òg høyra deg til: Alle offer som dei svingar, gjev eg deg og sønene og døtrene dine; dei skal de ha rett på i all framtid. Alle i huset ditt som er reine, kan eta av dei.

12. Alt det beste av olje og druesaft og korn, fyrstegrøda som dei ofrar til Herren, gjev eg deg.

13. Dei fyrste fruktene av alt det som veks i landet, og som dei kjem til Herren med, skal vera dine. Alle i huset ditt som er reine, kan eta dei.

14. Alt som er bannlyst i Israel, skal du òg ha.

15. Alt som kjem fyrst frå morsliv, alle levande skapningar som dei ber fram for Herren, anten det er menneske eller dyr, skal høyra deg til. Men det som er fyrstefødt av menneske, skal du la dei løysa, og like eins det som er fyrstefødt av ureine dyr.

16. Når dei er ein månad gamle eller meir, skal du ta den fastsette løysesummen, fem sekel sølv, etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera.

17. Men dei fyrstefødde av kyr, sauer og geiter kan du ikkje løysa; dei er heilage. Blodet deira skal du skvetta på altaret, og feittet skal du brenna; det skal vera eit eldoffer til godange for Herren.

18. Men kjøtet skal høyra deg til, liksom brystet som vert svinga, og det høgre låret.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 18