Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 16:5-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Så tala han til Korah og heile flokken hans og sa: «I morgon vil Herren syna kven som er heilag og høyrer han til, så han kan koma han nær. Den som Herren vel ut, får koma han nær.

6. Dette skal de gjera, du Korah og heile flokken din: Ta dykk glopanner,

7. ha eld i dei og legg røykjelse oppå for Herrens åsyn i morgon! Den mannen som Herren då vel ut, han skal vera heilag. Så får det vera nok, de Levi-søner!»

8. Så sa Moses til Korah: «Høyr no her, de levittar!

9. Er det ikkje nok for dykk at Israels Gud har skilt dykk ut frå folket, så de får stiga fram for Herren og gjera teneste i bustaden hans, stiga fram for folket og tena det?

10. Han har då late deg og alle brørne dine, levittane, få koma nær til seg. Og no vil de ha prestedømet òg!

11. Sei meg, du og heile flokken din, som slår dykk saman mot Herren: Kva er Aron, sidan de er misnøgde og murrar mot han?»

12. Moses sende bod etter Datan og Abiram, sønene til Eliab. Men dei sa: «Vi kjem ikkje!

13. Er det ikkje nok at du har ført oss opp frå eit land som fløymer med mjølk og honning, så vi skulle døy i øydemarka? Vil du no attpå gjera deg til herre over oss?

14. Du har sanneleg ikkje ført oss til eit land som fløymer med mjølk og honning, eller gjeve oss åkrar og vingardar til eige. Trur du at du kan føra folk som oss bak ljoset? Nei, vi kjem ikkje.»

15. Då vart Moses brennande harm og sa til Herren: «Bry deg ikkje om offergåvene deira! Ikkje så mykje som eit esel har eg teke frå dei, og ingen av dei har eg gjort noko vondt.»

Les hele kapitlet 4. Mosebok 16