Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 16:42-49 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

42. Som no folket slo seg saman mot Moses og Aron, vende dei seg begge mot møteteltet. Og sjå, skya låg over teltet, og Herrens herlegdom synte seg.

43. Då gjekk Moses og Aron fram for møteteltet.

44. Herren tala til Moses og sa:

45. «Gå bort frå denne flokken, så skal eg tyna dei på ein augneblink.» Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda.

46. Og Moses sa til Aron: «Ta glopanna, legg glør frå altaret i henne og ha røykjelse oppå! Skunda deg så bort til lyden og gjer soning for dei! For ein vreidedom er komen frå Herren. Det har brote ut pest.»

47. Aron gjorde som Moses hadde sagt. Han tok glopanna og sprang midt inn i flokken. Og sjå, då hadde pesten alt teke til å herja mellom folket. Så la han røykjelsen på glørne og gjorde soning for folket.

48. Medan han stod der mellom døde og levande, stansa pesten.

49. Men det var fjorten tusen sju hundre som døydde i den pesten, forutan dei som miste livet for Korahs skuld.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 16