Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 16:33-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

33. Dei og alle som høyrde dei til, fór levande ned til dødsriket, og jorda gøymde dei. Såleis vart dei utrudde or Israels-lyden.

34. Alle israelittane som stod ikring dei, rømde då dei høyrde korleis dei skreik. «Jorda kunne då gløypa oss òg,» sa dei.

35. Så fór det eld ut frå Herren og brende opp dei to hundre og femti mennene som hadde bore fram røykjelsen.

36. Då tala Herren til Moses og sa:

37. Sei til presten Elasar, son åt Aron, at han skal ta glopannene bort frå brannstaden, for dei har vorte heilage, og strøya glørne vidt utover.

38. Av glopannene åt desse mennene som laut døy fordi dei hadde synda, skal du laga tynne, hamra plater til å kle altaret med. Dei er heilage fordi mennene bar dei fram for Herren. Dei skal vera eit teikn til åtvaring for israelittane.

39. Presten Elasar tok bronsepannene som dei hadde bore fram røykjelse i, dei mennene som brann opp, og han hamra dei ut så ein kunne kle altaret med dei.

40. Dette skulle minna israelittane om at ingen framand, ingen som ikkje er av Arons ætt, måtte brenna røykjelse for Herren. Elles ville det gå han som det gjekk Korah og flokken hans, som Herren hadde sagt han gjennom Moses.

41. Dagen etter tok heile Israels-lyden til å murra mot Moses og Aron. «Det er de som har drepe Herrens folk,» sa dei.

42. Som no folket slo seg saman mot Moses og Aron, vende dei seg begge mot møteteltet. Og sjå, skya låg over teltet, og Herrens herlegdom synte seg.

43. Då gjekk Moses og Aron fram for møteteltet.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 16