Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 16:29-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Dersom desse døyr på same vis som anna folk og får den same lagnad som andre menneske, då er det ikkje Herren som har sendt meg.

30. Men dersom Herren gjer noko nytt og uhøyrt, dersom jorda opnar gapet sitt og gløyper dei og alt folket deira, så dei fer levande ned til dødsriket, då skal de vita at desse mennene har vanvørdt Herren.»

31. Ikkje før hadde Moses sagt dette, så rivna grunnen under dei.

32. Jorda opna gapet sitt og gløypte både dei og bustaden deira, alle som heldt med Korah, og alt det dei åtte.

33. Dei og alle som høyrde dei til, fór levande ned til dødsriket, og jorda gøymde dei. Såleis vart dei utrudde or Israels-lyden.

34. Alle israelittane som stod ikring dei, rømde då dei høyrde korleis dei skreik. «Jorda kunne då gløypa oss òg,» sa dei.

35. Så fór det eld ut frå Herren og brende opp dei to hundre og femti mennene som hadde bore fram røykjelsen.

36. Då tala Herren til Moses og sa:

37. Sei til presten Elasar, son åt Aron, at han skal ta glopannene bort frå brannstaden, for dei har vorte heilage, og strøya glørne vidt utover.

38. Av glopannene åt desse mennene som laut døy fordi dei hadde synda, skal du laga tynne, hamra plater til å kle altaret med. Dei er heilage fordi mennene bar dei fram for Herren. Dei skal vera eit teikn til åtvaring for israelittane.

39. Presten Elasar tok bronsepannene som dei hadde bore fram røykjelse i, dei mennene som brann opp, og han hamra dei ut så ein kunne kle altaret med dei.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 16