Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 16:12-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Moses sende bod etter Datan og Abiram, sønene til Eliab. Men dei sa: «Vi kjem ikkje!

13. Er det ikkje nok at du har ført oss opp frå eit land som fløymer med mjølk og honning, så vi skulle døy i øydemarka? Vil du no attpå gjera deg til herre over oss?

14. Du har sanneleg ikkje ført oss til eit land som fløymer med mjølk og honning, eller gjeve oss åkrar og vingardar til eige. Trur du at du kan føra folk som oss bak ljoset? Nei, vi kjem ikkje.»

15. Då vart Moses brennande harm og sa til Herren: «Bry deg ikkje om offergåvene deira! Ikkje så mykje som eit esel har eg teke frå dei, og ingen av dei har eg gjort noko vondt.»

16. Så sa Moses til Korah: «I morgon skal du og heile flokken din stiga fram for Herren, og Aron skal vera med.

17. De skal ta kvar si glopanne og leggja røykjelse på dei. Kvar av dykk skal bera si glopanne fram for Herren, to hundre og femti panner i alt. Du og Aron skal òg ta kvar si panne.»

18. Så tok dei kvar si glopanne, hadde eld i dei og la røykjelse på og stod attmed møteteltdøra saman med Moses og Aron.

19. Korah hadde samla heile flokken mot dei framfor møteteltdøra.Då synte Herrens herlegdom seg for heile Israels-lyden.

20. Og Herren sa til Moses og Aron:

21. «Skil dykk ut frå denne flokken, så skal eg tyna dei på ein augneblink!»

22. Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Gud, du Gud som rår over livsanden i alle menneske, harmast du på heile lyden fordi ein mann syndar?»

23. Herren sa til Moses:

24. «Tal til Israels-lyden og sei: Hald dykk borte frå bustaden åt Korah, Datan og Abiram!»

25. Då reiste Moses seg og gjekk bort til Datan og Abiram, og Israels eldste fylgde han.

26. Og han tala til lyden og sa: «Gå bort frå telta åt desse gudlause mennene, og kom ikkje nær noko som høyrer dei til. Elles vert de òg rivne bort på grunn av alle syndene deira.»

27. Då gjekk folket bort frå bustaden åt Korah, Datan og Abiram. Datan og Abiram var komne ut og stod framfor teltdøra saman med konene og borna sine, både store og små.

28. Moses sa: «Dette skal de ha til teikn på at det er Herren som har sendt meg for å gjera alle desse gjerningane, og at eg ikkje gjer dei av meg sjølv.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 16