Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 15:34-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. Og dei sette han fast, for det fanst inga klår føresegn om kva som skulle gjerast med han.

35. Då sa Herren til Moses: «Mannen må døy. Heile Israels-lyden skal steina han utanfor leiren.»

36. Så førte heile lyden han til ein stad utanfor leiren og steina han, som Herren hadde sagt Moses føre.

37. Herren sa til Moses:

38. Tal til israelittane og sei til dei at dei skal laga seg duskar på kappesnippane sine, i ætt etter ætt; og i kvar dusk skal dei setja ei snor av fiolett purpur.

39. Såvorne duskar skal de ha; og kvar gong de ser på dei, skal de koma Herrens bod i hug, så de lever etter dei. De må ikkje fylgja dykkar eigne hjarto og augo, som lokkar dykk til utruskap.

40. Såleis skal de minnast alle boda mine og leva etter dei. De skal vera heilage for dykkar Gud.

41. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut or Egypt fordi eg ville vera dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 15