Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 15:23-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. alt det Herren har sagt dykk gjennom Moses, frå den dagen han gav boda sine, og seinare fram gjennom ættene.

24. Då skal heile Israels-lyden, så sant dei har synda utan vitende og vilje, bera fram ein ung okse som brennoffer til godange for Herren, med det grødeoffer og drikkoffer som til høyrer, og ein bukk som syndoffer.

25. Presten skal gjera soning for heile Israels-lyden, så dei får tilgjeving. For synda var gjord av vanvare, og til soning har dei bore fram offergåva si, eit eldoffer for Herren, og syndofferet sitt for Herren.

26. Så skal heile Israels-lyden og innflyttarane som held til hjå dykk, få tilgjeving; for heile folket hadde synda av vanvare.

27. Når ein einskildmann syndar av vanvare, skal han bera fram ei årsgamal geit som syndoffer.

28. Presten skal gjera soning for Herrens åsyn for den som har synda, fordi han gjorde det av vanvare. Og når det er gjort soning for han, skal han få tilgjeving.

29. Anten det er ein innfødd israelitt eller ein innflyttar som held til hjå dykk, skal ei og same lov gjelda for den som syndar av vanvare.

30. Men den som syndar med vitende og vilje, spottar Herren, anten det er ein innfødd israelitt eller ein innflyttar, og han skal rydjast ut or folket sitt.

31. For han har vanvørdt Herrens ord og brote hans bod. Det mennesket skal rydjast ut; det skal lida for brotet sitt.

32. Medan israelittane var i øydemarka, kom dei over ein mann som sanka ved på ein sabbatsdag.

33. Dei som råka han medan han heldt på med det, førte han fram for Moses og Aron og heile Israels-lyden.

34. Og dei sette han fast, for det fanst inga klår føresegn om kva som skulle gjerast med han.

35. Då sa Herren til Moses: «Mannen må døy. Heile Israels-lyden skal steina han utanfor leiren.»

36. Så førte heile lyden han til ein stad utanfor leiren og steina han, som Herren hadde sagt Moses føre.

37. Herren sa til Moses:

Les hele kapitlet 4. Mosebok 15