Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 15:21-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Frå ætt til ætt skal de gje Herren ei offergåve av den fyrste deigen de lagar.

22. No kan det henda at de syndar av vanvare og bryt eit eller anna av alle dei bod som Herren har gjeve Moses,

23. alt det Herren har sagt dykk gjennom Moses, frå den dagen han gav boda sine, og seinare fram gjennom ættene.

24. Då skal heile Israels-lyden, så sant dei har synda utan vitende og vilje, bera fram ein ung okse som brennoffer til godange for Herren, med det grødeoffer og drikkoffer som til høyrer, og ein bukk som syndoffer.

25. Presten skal gjera soning for heile Israels-lyden, så dei får tilgjeving. For synda var gjord av vanvare, og til soning har dei bore fram offergåva si, eit eldoffer for Herren, og syndofferet sitt for Herren.

26. Så skal heile Israels-lyden og innflyttarane som held til hjå dykk, få tilgjeving; for heile folket hadde synda av vanvare.

27. Når ein einskildmann syndar av vanvare, skal han bera fram ei årsgamal geit som syndoffer.

28. Presten skal gjera soning for Herrens åsyn for den som har synda, fordi han gjorde det av vanvare. Og når det er gjort soning for han, skal han få tilgjeving.

29. Anten det er ein innfødd israelitt eller ein innflyttar som held til hjå dykk, skal ei og same lov gjelda for den som syndar av vanvare.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 15