Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 15:2-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil gje dykk, og som de skal bu i,

3. då kan det henda at de vil bera fram eit eldoffer for Herren – brennoffer eller slaktoffer av storfe eller småfe til godange for Herren – anten det er ein lovnad de vil oppfylla, eller det er eit friviljug offer eller eit høgtidsoffer.

4. Då skal den som ber offergåva si fram for Herren, koma med eit grødeoffer: ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje.

5. Saman med brennofferet eller slaktofferet skal du òg gje som drikkoffer ein fjerdedels hin vin for kvart lam.

6. Men er det ein ver du ofrar, skal grødeofferet vera to tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein tredjedels hin olje,

7. og drikkofferet ein tredjedels hin vin. Då er det eit offer som angar godt for Herren.

8. Ofrar du ein ung okse som brennoffer eller slaktoffer, anten det er ein lovnad du vil oppfylla, eller det er eit måltidsoffer du vil gje Herren,

9. då skal du attåt oksen bera fram som grødeoffer tre tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein halv hin olje.

10. Som drikkoffer skal du bera fram ein halv hin vin. Då er det eit eldoffer som angar godt for Herren.

11. Såleis skal de gjera med kvar okse og ver, kvart lam og kje.

12. Anten de ofrar mange eller få, skal de gjera så med kvart einaste dyr.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 15