Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 15:15-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Ei og same lov skal gjelda for alle, både for dykk og for innflyttarane som held til hjå dykk, ei evig lov frå ætt til ætt. De og innflyttarane skal stå likt for Herren.

16. Same lov og same rett skal gjelda for dykk og for innflyttarane som held til hjå dykk.

17. Herren sa til Moses:

18. Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil føra dykk til,

19. og et av det brødet som landet gjev, då skal de koma med ei offergåve til Herren.

20. Av den fyrste deigen de lagar, skal de gje ein brødleiv i offergåve. De skal gjera det på same måten som når de ber fram gåva frå treskjevollen.

21. Frå ætt til ætt skal de gje Herren ei offergåve av den fyrste deigen de lagar.

22. No kan det henda at de syndar av vanvare og bryt eit eller anna av alle dei bod som Herren har gjeve Moses,

23. alt det Herren har sagt dykk gjennom Moses, frå den dagen han gav boda sine, og seinare fram gjennom ættene.

24. Då skal heile Israels-lyden, så sant dei har synda utan vitende og vilje, bera fram ein ung okse som brennoffer til godange for Herren, med det grødeoffer og drikkoffer som til høyrer, og ein bukk som syndoffer.

25. Presten skal gjera soning for heile Israels-lyden, så dei får tilgjeving. For synda var gjord av vanvare, og til soning har dei bore fram offergåva si, eit eldoffer for Herren, og syndofferet sitt for Herren.

26. Så skal heile Israels-lyden og innflyttarane som held til hjå dykk, få tilgjeving; for heile folket hadde synda av vanvare.

27. Når ein einskildmann syndar av vanvare, skal han bera fram ei årsgamal geit som syndoffer.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 15