Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 15:11-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Såleis skal de gjera med kvar okse og ver, kvart lam og kje.

12. Anten de ofrar mange eller få, skal de gjera så med kvart einaste dyr.

13. Alle som er fødde og fostra i landet, skal gjera det så når dei ber fram eldoffer til godange for Herren.

14. Og når ein innflyttar som har slege seg ned hjå dykk, eller ein gong i framtida kjem til å bu mellom dykk, vil bera fram eit eldoffer til godange for Herren, så skal han gjera det på same måten som de.

15. Ei og same lov skal gjelda for alle, både for dykk og for innflyttarane som held til hjå dykk, ei evig lov frå ætt til ætt. De og innflyttarane skal stå likt for Herren.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 15