Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 14:25-44 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Men i dalane der bur amalekittane og kanaanearane. Difor skal de, når de i morgon fer i veg og dreg ut i øydemarka, ta den vegen som fører til Sevsjøen.

26. Sidan tala Herren atter til Moses og Aron og sa:

27. Kor lenge skal dette vonde folket murra mot meg? Eg har høyrt korleis israelittane murrar mot meg.

28. Sei til dei: Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren: Eg skal gjera med dykk som de har bede meg.

29. Her i øydemarka skal beina dykkar liggja, alle de som vart mønstra, kvar mann som er tjue år eller meir og har murra mot meg.

30. Ingen av dykk skal koma inn i det landet som eg lova at de skulle få bu i – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun.

31. Og borna dykkar, som de meinte ville falla i fiendehand, dei skal eg føra inn. Dei skal læra å kjenna det landet som de vanvørde.

32. Men dykkar bein skal liggja her i øydemarka.

33. Og borna dykkar skal flakka ikring her i førti år. Dei skal lida fordi de var trulause, til de alle har vorte til inkjes i øydemarka.

34. Liksom de speida ut landet i førti dagar, skal de lida i førti år for syndene dykkar, eitt år for kvar dag. De skal få kjenna kva det vil seia å setja seg opp mot meg.

35. Eg, Herren, har sagt at så vil eg gjera med heile dette vonde folket som har svore seg saman mot meg. Her i øydemarka skal dei enda sine dagar; her skal dei døy.

36. Då dei mennene som Moses hadde sendt for å speida ut landet, kom att, gav dei ei nedslåande melding om landet og sette heile folket opp mot han.

37. Desse mennene, som hadde vore med på det, døydde av pest etter Herrens vilje.

38. Av dei som hadde fare på speidingsferd til Kanaan-landet, var det berre Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som fekk leva.

39. Då Moses fortalde dette til israelittane, syrgde heile folket sårt.

40. Morgonen etter stod dei tidleg opp og gjekk oppover mot høgdedraget. «Kom,» sa dei, «lat oss gå opp til den staden Herren har tala om. For vi har synda.»

41. Men Moses sa: «Kvifor vil de gjera imot Herrens ord? Dette kjem ikkje til å lukkast.

42. Far ikkje dit, for Herren er ikkje mellom dykk. De kjem berre til å tapa for fiendane dykkar.

43. For der møter de amalekittane og kanaanearane, og då fell de for sverd, fordi de har vendt dykk bort frå Herren, så han ikkje er med dykk.»

44. Likevel var dei så uvørdne at dei gjekk oppover mot høgdedraget. Men Herrens paktkiste og Moses rikka seg ikkje frå leiren.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 14